mandag 15. desember 2008

Back from Egypt


Då er vi komne tilbake frå den spennande turen til Egypt. Vi va der i to veker frå 21. november til 5. desember. Vi bodde i Dahab ein liten dykkerby ein time frå turistbyen Sharm el Sheikh. Vi var også på ein tredagarstur til hovedstaden Kairo, der det bor 18 millionar innbyggarar. Då vi var i Kairo besøkte vi først den eldste attverande pyramida, Sakkara. Den er heile 5000 år gamal. Det var mektig imponerande å sjå eit so gamalt og so stort byggverk. På utsiktspunktet møtte vi ein del eldre lokale menn, som fint stillte seg ved sida av oss, når vi skulle ta bilde, for so å ta betalt i etterkant. Ein av dei var ein liten gnom på 1.40(!) med fire tenner i munnen. Vidare tok vi turen til Giza-platået og såg dei tre mest kjende pyramidene. Blant anna den aller største Kheops-pyramida. Der såg vi også den verdenskjende sfinxen. Etter pyramideturen var vi i det egyptiske museum. Der vi såg skattekammeret til Tut ankh Amon, diverse mumiar, og mange andre skattar frå det gamle Egypt.



Tilbake i Dahab var pmom, saman med resten av klassa, ein stad i utkanten som heiter Happy Life village for å dykke. Det gjorde vi parvis med instruktør, som styra oss opp, ned og rundt omkring i vatnet. Vi såg korallar og mange fargerike fiskar. For eksempel Nemofisken. Heile klassa kosa seg.

Nest siste dagen kjørde vi firehjuling i ørkenen. Det var awesome.

Sett vekk i frå ei natt med oppkast, ei veke med dårlig matlyst og litt magesjau hadde vi ein feiande flott tur, som vi neppe vil gløyme med det første.

Pmom