torsdag 29. januar 2009

Oppdatering

I dag har vi hatt undervisning med fokus på miljø, etisk handel og bistandsarbeid. Morten snakka ein del om tema og vi diskuterte litt, før vi undersøkte om kven som var mest opptatt av kva. Etterpå såg vi film, "Pay it forward". Den handla om at alle kan hjelpe til med å gjere verden til ein bedre stad. Det var ein film rik på moral og artige samanhengar.

Etisk handel i form av fair trade, er eit eksempel på ei metode der alle kan hjelpe nokon. Det kostar litt ekstra, men pengane gjeng ikkje berre til grossistane på toppen. Det tykkjar vi er ei veldig god ordning.
Pmom oppfordrar alle til å kjøpe minst eit fair trade produkt når dykk handlar.

Pmom