fredag 6. februar 2009

Etisk handel

Torsdag 5. feb var adventure på Jessheimsenter for å høyre kvar produkta på nokre av butikkane kjem ifrå. Vi var innom Branstad, Bikbok, H&M og JC.
Butikkmedarbeidaren på Brandstad kunne fortelje at fabrikkane deira ligg i Bulgaria og Kina, og at forholda på fabrikkane var etter standaren gode. Han meinte at produkta på Brandstad var av særleg god kvalitet og at fabrikkane dermed er av forholdsvis god standard.
Deretter gjekk vi til Bikbok, som er ein av butikkane i varnerkjeden. Den søte ekspeditrisen at kleda vart lagde i Hong Kong. Men ho ville ikkje seie for mykje om det, på grunn av at det er konkurransesensitiv informasjon. Då vi spurde om forholda på fabrikkane fekk vi eit ærleg svar: "Sikkert ikke bra".
Vidare gjekk vi til H&M. Der fekk vi beskjed om at vi skulle gå til den andre H&M butikken og snakke med butikksjefen. Ho ville heller ikkje uttale seg og ga oss vidare beskjed om at vi måtte ringe til markedsansvarleg i H&M. Vi såg ein undersøkelse i Vårt Land der H&M har fått topplasering som ansvarleg forhandlar. Dei er flinkast til å sette kvar til dyrevern, og får ros for å ha satt seg eit mål om å øke andelen økologisk bomull i produksjonen. http://www.vl.no/samfunn/article4075946.ece
Siste stopp var JC. Ekspiditrisa som jobba der fekk plutseleg veldig dårleg tid når vi spurde om etisk handel. Seinare viste det seg at tre andre grupper hadde vore innom og spurt samme spørsmål, men ikkje fått noko svar. Unnskyldninga hennar var at ho hadde mykje å gjere med kundene sjølv om butikken var ellers folketom. Misstenkeleg!
Det var ein tankevekkande oppgåve vi fekk, og det var interessante å sjå kor mange som ikkje visste noko om kvar produkta deira kjem frå.
Mvh
Pmom

Etiketter: , , , , , ,